BIT20 Ensemble gler seg til å ta tak på neste sesong, og kjem til å leggja ut detaljert program på våre nettsider i løpet av august. Men me avslører gjerne nokre smakebitar allereie no: 

Bursdag: Sesongen 2014/15 feirer ensemblet 25-årsdag, og dette markerer me ved ein strålande opningskonsert på Logen Teater i Bergen søndag 14. september. På programmet står blant anna urframføringar av den talentfulle komponisten Jan Erik Mikalsen og av Anna Thorvaldsdottir, som i 2012 mottok Nordisk råds musikkpris. I tillegg framfører me verk av Bent Sørensen og Magnus Lindberg. Dagen skal bli ei feiring av samtidsmusikken - for som ein ekte 25-åring er me mest opptatt av notid og framtid, ikkje av vår eiga forhistorie. Difor har me også fått med oss våre bergenske samarbeidspartnarar Avgarde, Borealis og Ny Musikk Bergen til å feira denne dagen. 

Utland: I november drar me til Huddersfield Contemporary Music Festival i England, ein stor og viktig festival for samtidsmusikken. Med oss i kofferten har me med oss nordisk musikk, men også ei urframføring av den unge og velrennomerte britiske komponisten Larry Goves.

Hausten byr også på andre smakebitar innimellom, som me no jobbar med å få på plass.

Vår: Me skal igjen samarbeida med Griegakademiet i februar, noko me ser fram til.  I mars opptrer me på Borealisfestivalen i Bergen, og i mai er det klart for urframføring av vårt bestillingsverk frå Gisle Martens Meyer (Ugress), på Nattjazz, også i Bergen - noko som truleg blir eit absolutt høgdepunkt som avslutning på BIT20s sesong nr 25!

 

 

Season 2014/15
The BIT20 Ensemble
 are looking forward to next season, and will publish detailed programme on this website during August. However, we gladly share some details with you at this stage: 

Happy Anniversary: The ensemble celebrate its 25th anniversary in the season 2014/15, and this will be celebrated by a remarkable opening concert at Logen Teater in Bergen, Sunday September 14th. Here the ensemble will perform brand new music by the remarkable and talented Norwegian Jan Erik Mikalsen, as well as a premiere by Anna Thorvaldsdottir (Iceland), who has received the Nordic Council Music Prize for her music, often deeply inspired by nature. We also perform pieces by Bent Sørensen and Magnus Lindberg. We have also invited our contemporary collaborators Avgarde, Borealis and New Music Bergen to celebrate with us. 

Going Abroad: In November the ensemble will play in Huddersfield, UK, at the Huddersfield Contemporary Music Festival, something we are looking forward to. In the suitcase: Not only Nordic music, but also a brand new piece by the young and acclaimed composer Larry Goves (UK). 

More autumn activity is being planned while you are reading these words...

Spring: As always, February is the time for an inspiring coproduction with music and composition students from the Grieg Academy at the University of Bergen. In March, we will perform at the Borealis Festival in Bergen, and in May: Premiere at the jazz festival Nattjazz in Bergen, a piece by the highly acclaimed composer and electronica artist Gisle Martens Meyer (Ugress). This will definitely be a fantastic ending of BIT20s Anniversary Season nr 25!

Comment