Fortid: Studentar speler fransk. Framtid: Borealis goes Italian. 

 

Birds and Explosions: Sidan sist har BIT20 Ensemble hatt prosjektveke med om lag 20 studentar frå Griegakademiet. På programmet sto eksplosjonar, fuglar og vatn: Pierre Boulez (…explosante fixe…), Olivier Messiaen (Oiseaux exotiques) og ”Like a Ring of Ripples” av Anders Røshol, tidlegare komposisjonsstudent ved Griegakademiet.

Vanskeleg! Det var nok det første mange av studentane tenkte då dirigent Trond Madsen plukka fram Boulez-partituret. I tillegg hadde han visstnok gitt nokre av dei vanskelegaste stemmene til studentane… Også ein av våre eigne erfarne samtidsspelarar (me skal ikkje avsløra deg!) meinte at dette var noko av det vanskelegaste han hadde spela.

Men: Det gjekk fantastisk bra! Våre to nye vener, Carlo og Jérémie frå IRCAM (senter for lyd og akustikk i Paris) som var her for å utføra lyddesignen på Boulez-stykket, var imponerte. Både over nivået, og, som dei sa: – Så fantastisk at studentane får vera med og spela slik musikk, og til og med ha solistoppgåver! Og dette kjem frå folk som kjenner Pierre Boulez godt, så er det sagt. Me kunne dessutan ikkje vore meir einige…

Dyktige musikarar, visuelt akkompagnement av Birk Nygaard, open bar (!), kommuniserande dirigent og sjølvsagt GOD MUSIKK gjorde kvelden på Logen til ein fargerik og flott konsert. Takk til Griegakademiet – og takk til Anders Røshol som kom og delte tankane sine med oss om sitt eige stykke, ei lita perle med delikat oppbygging av impulsar og klangblokker. No gler me oss til neste samarbeidsprosjekt: New Voices på Østre 9. mai.

An Index of Metals: Medan me ventar på meir samarbeid med Griegakademiet, skal BIT20 Ensemble spela italienske tonar på Borealisfestivalen. Fausto Romitelli døydde berre 41 år gamal, men var allereie i si samtid ein av dei unge, lovande europeiske komponistane. Han var ikkje redd for å blanda kunstmsikk med populærmusikalsike uttrykk, og var blant anna inspirert av psykedelisk rock. An Index of Metals vart hans siste verk: Ein video-opera for ensemble og sopran. BIT20 Ensemble spelar dette på USF verftet 22. mars, under leiing av Baldur Brönnimann. Konserten er ein del av Borealisfestivalen 2014. Få med deg denne spennande Norgespremieren!

Foto: Kristoffer Øen. Frå konserten Birds and Explosions, Logen Teater 15. februar 2014. 

Comment