Back to All Events

Kronikk: Samfunnsbygginga står i fare


Foto: Thor Brødreskift / Festspillene i Bergen 2019

Foto: Thor Brødreskift / Festspillene i Bergen 2019

Kronikk: Samfunnsbygginga står i fare

Kulturlivet i Bergen er i opprør over regjeringa sitt framlegg til rammeplan for norskfaget, der song er teke ut som læringsmål. Saka om dette gjekk landet rundt på tysdag, og sette folk i harnisk. Underskriftskampanjen tel i skrivande stund over 14 000 underskrifter, og 1000 kom til berre medan denne kronikken vart skriven.

Dersom dei som veks opp i dag ikkje får ta del i sangskatten som er ein så viktig del av nasjonsbygginga og samfunnet som vi held høgt, så står den norske folkesjela i fare. Høyrest dette vel pompøst ut, kan lesaren spørje? Jau, det er så alvorleg.

Heilt frå før ungar vert fødde, så blir dei gjerne sungne til i mors liv. Dei mest dedikerte foreldra vil til og med setje på nøye bestemt musikk for at ungen skal få det inn via navlestrengen. Vi syng til babyane våre, syng godnattsong til smårollingen og syng gjennom heile livet fram til den siste songen tonar ut ved grava på kyrkjegarden. I denne byen har vi mange fleire songelement enn vanlege folk. Her syng gamle laugsmenn og -kvinner songar ingen andre kan på Bergen Næringsråd sin årsmiddag. På den høgtidlege lunsjen for 17-mai-komitéen vert alle buekorps-songane sungne, og på stadion kan Nystemten gje den mest hardbarka fotballfan, (og ikkje-fotballfan) gåsehud og tårer i augekroken.

Regjeringa fjernar dei verktøya og læringsmåla som lærarane treng

I 2017 fjerna den sitjande regjeringa song frå overordna læreplanen for grunnskulen til stor motbør frå ei rekkje engasjerte menneske i det breie samfunnslivet. Dåverande kunnskapsminister Henrik Asheim gjekk til og med på sitat og sa at det IKKJE skulle gå ut over songundervisninga i skulen. I gårsdagens sak svarer representantar frå same regjering at det ikkje har noko å seie om song er fjerna frå norskfaget, for læraren kan likevel velje å bruke det i undervisninga. Statssekretær Julie Midtgarden Remen seier til Framtida at «hun har tillit til at lærerne finner ut av [pensum] på en god måte», men denne ansvarsfråskrivinga tilslører at regjeringa no fjernar dei verktøya og læringsmåla som lærarane treng, og som barn fortener.  

Eg spør: kven er det dei trur dei lurer? Du kan spørje kva skuleleiar som helst om dei har ressursar til å drive med undervisning i tema som ikkje er uttalte læringsmål. Hadde eg fått bestemme, hadde song, dans og musikk vore med på lista over grunnleggande ferdigheiter saman med dei som alt står der: skriving, lesing, rekning, digitale ferdigheiter og sosiale ferdigheiter. Sidan menneska byrja å gå på to bein har samlinga rundt kunst, rytme og song, har samhaldet i grupper av menneske blitt teke i vare gjennom kunstuttrykk. Eg meiner det er direkte naivt å lage ein skule som heilt eller delvis fjernar seg frå ein så grunnleggjande del av mennesket som dei estetiske faga representerer.

Det skal ikkje vere naudsynt med feit lommebok for å oppleve kultur av høg kvalitet

Vi er ikkje åleine i verda. Som nasjon er sameksistensen på tvers av landegrenser også eit samfunnsområde der songen sameiner. Diplomatiet har brukt musikk som verkemiddel i alle år. Spør berre UD og nokon frå Forsvarets musikk om dette, så får du svar. I Sverige står dei i akkurat det same problemet som vi. Eg har spurt kulturminister Amanda Lind om å få bruke eit sitat frå hennar vegg på Facebook der ho seier: ‘Vi vet att de estetiska och praktiska ämnena gör att barn lättare tar till sig av annan undervisning. Att ta bort dem för att effektivisera skolan, är därför bara att skjuta sig själv i foten. Musikundervisning gynnar exempelvis både den språkliga och den matematiska utvecklingen. Ämnena lär också barnen problemlösning, att finna nya lösningar när det inte går som man tänkt.’

Ungdomsskuleelev Magnus Steffensen Melkevoll (14) fortel at han i barneskulen hadde mykje song på småtrinnet, og på mellomtrinnet i samband med førebuing til fredagssamling som gjekk på omgang mellom klassane. I sjuande og åttande klasse har musikkundervisninga blitt omdøypt til gitar, og ingen sang er organisert, anna enn frivillig karaoke av og til. ‘Sang er en annerledes form for læring’, seier Magnus. ‘Å kunne 17. mai-sanger er en viktig del av vår kultur, og så er det ikke så veldig gøy å høre om folk som snakker om 1814. Da er det fint med et avbrekk med sang. Jeg mener det burde være en del av pensum og daglig læring.’

Eg skuldar å opplyse lesarane om at Magnus er sonen min, og han har vore eit musikalsk menneske sidan han var liten - eksponert for all verdas kulturuttrykk gjennom mild tvang og nødvendigheit. I gamle dagar reiste rikmannsungane på danningsreiser til kontinentet. I våre dagar er heldigvis kulturtilbodet monaleg demokratisert og allmenngjort. Dette er eit kontinuerleg arbeid som vi i Kultur Vest og våre kollegaer i heile landet held fram som avgjerande for framtida vår. Det er ikkje naudsynt med feit lommebok lenger, for å oppleve kultur av høg kvalitet. Under Festspelopninga kan alle å kome og høyre og oppleve, og programmet dei neste to vekene er fullt av tilbod som er gratis eller svært rimelege.

Det er i skulen at ansvaret for allmenndanninga til ungane våre ligg

Eg er kry av å vere ein bidragsytar til kulturen, og eg gler meg til kvar gong vi møter nokon som får ei ny oppleving, som gjer liva deira rikare. Eg elskar å synge, og er uendeleg takksam for foreldra mine, musikklærarar som song, kordirigentar, og alle bygdesamlingar der Fager kveldssol smiler vert sunge før vi heim. I det politiske livet syng vi også, og mest alltid i alle sermoniar vi går i. Dette er ein rikdom i livet eg unner alle å ta del i. Alle synest det er trist å vere i gravferd, og mange av oss synest det blir endå tristare av å sitje saman utan at nokon vågar å synge. Det er i skulen at ansvaret for allmenndanninga til ungane våre ligg. Læraren har hand om våre kjære barn, barnebarn og tippoldebarn store deler av tida. Det er der dei må lære gleda av å kunne synge.

“Nystemten” og “Ja, vi elskerskal ljoma ute på festpelopninga. Kanskje ikkje like høgt som før, men gutekoret som var forsongarar var formidable. Men kva med om ti, tjue eller tretti år? Trur vi, og trur embetsverket og den politiske leiinga i Utdanningsdirektoratet og Kunnskaps- og kulturdepartementet, at vi kjem til å synge like høgt og fritt om ingen lenger lærer song i skulen? Trur statsministeren sjølv det? Eg skal ikkje bruke denne dagen til å plage ansvarlege politikarar med politikk. Denne dagen skal vi feire og ha det triveleg, og gle oss over alt denne byen kan by på. Men ver viss på dette: vi kjem ikkje til å sleppe denne ballen no. Høyringsutkast skal skrivast og saka kjem til Stortinget. Eg vonar, saman med mine gode kolleger her i Grieghallen, i Kultur Vest og utover heile byen og landet, at vi saman vil kjempe for at songen framleis skal vere ein viktig del av den norske fellesskulen, og at dei estetiske faga skal få eit stort løft.

Gratulerer med dagen, og syng så høgt du kan!

På vegner av oss i Kultur Vest med vener

Helsing 

Laila Melkevoll 

Dagleg leiar 

BIT20 Ensemble

Mobil +47 930 34 668

og:

BIT Teatergarasjen, Sven Åge Birkeland

Den Nasjonale Scene, Agnete Haaland

Hordaland Teater, Solrun Toft-Iversen

Oseana, Ole Tobias Lindebjerg

Musikkselskapet Harmonien, Bernt Bauge

Carte Blanche Nasjonale Dansekompani, Annabelle Bonnéry

Bergen Nasjonale Opera, Mary Miller

Festspillene i Bergen, Anders Beyer

USF Verftet, Ivar Chelsom Vogt

Bergen Kunsthall, Axel Wieder

KODE kunstmuseer og Komponisthjem, Petter Snare

Edvard Grieg Kor, Simon Kirkbride

Bergen Filharmoniske kor, Håkon Matti Skrede

Kultur Vest, Charlotte Spurkeland

REFERANSAR

21.05.2019: Korleis saka er framstilt på framtida.no

https://framtida.no/2019/05/16/far-sterke-reaksjonar-regjeringa-foreslar-a-fjerna-song-fra-norskfaget?fbclid=IwAR2IIxMAkQDE_VWvF8wIQGhVx_Ww_m3vZTPI6MzadoHH9O2_HMDzMnFEKQ8

Underskriftskampanjen

https://www.underskrift.no/vis/6873

2017: Kva dåverande Kunnskapsminister Henrik Åsheim sa for to år sidan då songen vart teken ut av musikkfaget

https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/ingen-endring-for-sang-og-musikk-i-skolen/id2573861/

http://www.ballade.no/sak/sang-skal-ikke-ut-av-skolen/

https://www.adressa.no/meninger/kronikker/2017/10/03/Sang-er-fjernet-fra-skolens-overordnede-l%C3%A6replan-15389951.ece

Nokre døme på noverande initiativ som forsøker fremme song i skule og samfunnsliv.

https://www.krafttakforsang.no/syngende-skole

https://www.musikkiskolen.no/skolenes-sangdag-2019

http://harmonien.no/nyheter/musikk-for-minnet/

Udir: Grunnleggende ferdigheter i skolen.

https://www.udir.no/laring-og-trivsel/lareplanverket/grunnleggende-ferdigheter/